Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Trekkfugler

Erleria

Vi har diskutert hjemme hva erleria betyr og hvor uttrykket kommer fra

J.B. (17.04.2010)

Svar:

NOFs styreleder Alv Ottar Folkestad kjente godt til dette begrepet. Han bor på Eiksund i Ulstein kommune på Sunnmøre. Her er svaret han ga på erleria:

"Dette er eit kjent omgrep i vårt distrikt, og eg har nesten oppfatta det som eit klassisk utslag av god, gammal, sunnmørsk pessimisme i høve til at du aldri skal gledje deg over positive teikn og hendingar i kvardagen, men ta det som eit teikn på at det ventar ein straffedom etter alle gode opplevingar:

Erleria står ikkje åleine, men høyrer saman med stareria, og det var slik at etter at dei første starane hadde synt seg på våren, så ville det kome eit tilbakefall med vinterver og ei vanlegvis kraftig snøri. Dette måtte skje ein eller annan gong i løpet av mars, for starane dukka vanlegvis opp i slutten av februar eller byrjinga av mars, alt etter om det var kyst- eller fjordlokalitet. Når den var unnagjort, kunne ein vente på linerla, som var meir fast i ankomst, nokså programmert rundt 10.-15. april. Men det var ikkje nok, for då skulle du vente på ein ny snøri før du kunne ha det minste von om at våren hadde sett seg. Det var erleria, som då måtte kome i frå midten av april til kanskje ut i førsten av mai, alt etter kor heldig du var med verstødet. Og noko skikkeleg og stabil vår kune du ikkje vente før gauken gol og terna var på plass slik fram mot midten av mai.

Men der var andre straffedomar som følgje av lettsindige småfuglar på våren også:
I Volda heitte det at like lenge som sysvorta (svarttrosten) song før Marimesse om våren (25. mars), like lenge skulle han teie etterpå (= då skulle han få straffa gjennom tilbakefall med snø og kulde)."

Magne Myklebust (13.07.2010)