Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Økologi og atferd

Kråka og levevis

Kråka er kanskje den aller vanlegaste fuglen her hos oss, men eg synest ikkje at leveviset til kråka er så godt beskrive. Eg er blitt nyskjerrig på denne fuglen, for gjennom åra har eg brukt å fore kråke og skjur (skjære) gjennom vinteren, men når måsen kjem i andre halvdel av mars, slutter eg med foringa, for måsen held eit forferdeleg spetakkel, og han ønskjer eg ikkje som husvenn. I år er det ei kråke som har blitt tilbake og gjev til kjenne at ho/han ønskjer mat. For at måsen ikkje skal hive seg over maten, har eg funne ut at eg kan lokke kråka til meg - ho sit nemleg på nabohuset tvers over vegen, og når eg opnar vindauget og plystrar, blir ho var meg, og eg kastar ut litt mat - ikkje meir enn at ho får det med seg og et det opp. Deretter fer ho opp på hustaket att, og så kan vi gjenta prosedyren. I helgene når eg er heime, kan denne matinga gå føre seg lenge, og eg har tatt til å undre meg over dei mengdene av mat som denne kråka kan setje til livs. Det verkar ikkje som at det er botn i ho. Ho et og et. Eg har tatt til å lure på om dette kan vere ei hankråke. Kan det vere ein hanfugl som tar mat med seg til ein rugande hofugl. I vinter var her minst tre kråker, men no er det berre denne eine att - som vaktar huset trufast, og som ikkje ser ut til å kunne ha eit reir å passe. Når eg les i bøker om kråka, så står det ikkje veldig mykje om leveviset til denne fuglen. Kva trur de - er dette ein hanfugl? Og når det gjeld matinga, bør ein gjøre det? Eller gjer ein fuglen ein bjørneteneste? Helsing Aud-Kirsti Pedersen

N.N (02.06.2012)

Svar:

Det er bare fint at du har klart å gjøre deg til venns med denne kråka, og du gjør ikke noe galt i å fore den. Tvert i mot - kanskje hjelper du den til å fore egne unger. Alle kråkefugler kan lagre mat, og det gjør nok også kråkene. Derfor kan det hende at noe av maten du har gitt til denne fuglen, har blitt lagret til senere. Jeg kan ikke si hva slags kjønn dette kan være.

Roar Solheim (02.06.2012)