Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Sjeldne fugler og identifikasjon

Fugl eg aldri har sett før på foringsbrettet.

I dag då eg sto opp var det ein fugl som eg aldri har sett før på foringsbrettet. Dessverre fekk eg ikkje tatt noko bilete av den. Men eg finn den heller ikkje i fugleboka mi. Den var ganske lys. Heilt kvit på undersida, ned til magen det vart det gradvis meir lyserosa-orange. Hovudet var og lyst/kvitt med ei sterk markant ganske smal svart stripe midt over auge og fram til nebbet som var mørkt spisst og ganske langt. Vingene og ryggen er eg litt usikker på men det var kanskje brun/raudt/orange på farge. Stripa som gjekk over auge fulgte eit stykke bak. Fuglen var ganske lang i forhald til kjøttmeisane eg vanlegvis har her på brettet. Den opphaldt seg delvis i lag med dei. Den hadde litt lang stjert og var litt rund om magen. Den var litt lodden på ein måte, men no har det vore grisevær i natt, med regn og vind. Kanskje den har kome med vinden.. Hadde nok kjent den igjen om eg hadde sett eit bilete av den.

M.V. (19.10.2014)

Svar:

Dersom fuglen du beskriver oppholdt seg sammen med de øvrige meisene, så er dette absolutt ikke noen varsler-fugl, men derimot en spettmeis, som har den karakteristiske mørke stripa fra nebbet gjennom øyet. Se forøvrig tema om nettopp disse artene i Fuglevennen som kommer i posten om kort tid.

Roar Solheim (19.10.2014)