Spør en ornitolog
Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.
Besvarte spørsmål
Småfugl med brune, elegante fjær
Hei! Vi har yrande liv på fuglematstativet av staur, men i dag kom det to fuglar som eg antok var herr og fru og som ikkje likna på andre vi har her. Eg fekk ikkje teke bilete dessverre, men dei to sat nede på snøen på terrassen rett utanfor det store vindauget. Dei stod rolege der nokre meter unna matstativet, ikkje stressa sjølv om hunden stod rett innanfor og såg nysgjerrig ned på dei. Eg lista meg dit og såg dei på 30-40 cm avstand. Eg tenkte først jarnspurv, men desse var meir kastanjebrune kanskje, særleg det eg trudde var hannen, med mørkare brun eller kanskje svart midt i kvar fjør. Det var noko fargeforskjell på dei to, det eg trudde var hoa var litt lysare. Begge var litt lysare under, hoa kanskje gulaktig under. Storleiken var kanskje som dompap eller litt mindre. Eg finn rett og slett ikkje noko liknande i fuglebøkene våre. Einsarta frå hovud og ned mot stjerten på oversida, men fjørene var vakre og hadde likt mønster kvar og ei sjølv om storleiken varierte.
J. (24.11.2024)
Svar:
Dessverre vanskelig å finne ut hva du kan ha hatt besøk av her.
Roar Solheim (25.11.2024)