Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

fjæra

hvor i fjæra lever det flest dyr?

M. (17.10.2005)

Svar:

Det lever generelt flest dyr der det er mest mat, best beskyttelse og mest stabilt miljø for dei som bur der. Det er i midtre til nedre del av fjøra. På beskytta områder er det dei store tangartane, blæretang og grisetang, som huser dyra. Det er svært tøft for tangartane (og dyra) i øvre delar av fjøra, sidan dei utsettes for tørke og sterkt sollys om sommaren, og is og kuldegrader om vinteren. Frå Lindesnes og nordover finn vi ein mindre tangart, sauetang, i den øvre del av fjøra. Den er utkonkurrert av grisetang og blæretang (og ofte ein fjerde tangart, spiraltang), og har måtta tilpassa seg å leva øverst i fjøra. Men denne arten er mykje mindre enn grise- og blæretang og kan derfor ikkje husa så mange dyr, samtidig med at spesielt fastsitjande dyr òg må vera spesialtipassa det tøffe livet her.
Det kan imidlertid på nokre stader sjå ut som om det er meir dyr i øvre del av fjøra. Sneglane er mobile, og beveger seg opp og ned i fjøra (og gjerne lenger ned) alt etter mattilgang og temperatur o.a. (dei vil gjerne trekkje djupare når temperaturen om sommaren er høg).
Under visse forhold kan ein derfor i øvre del av fjøra finna store mengder strandsneglar på litt bølgjeutsatte stader og purpursnegl på meir bølgjeutsatte stader (då gjerne oppå eit teppe av rur som dekkjer heile fjøra). Strandsneglane gnager gjerne då på det tynne laget av mikroalgar som dekkjer steinane, mens purpursneglen er eit rovdyr som gjerne et rur. Då kan det vera eit større volum av dyr i øvre del av fjøra, men vanlegvis vil dei foretrekkja midtre til nedre del. Antalet dyr vil uansett vera størst i den midtre til nedre delen av fjøra, men mange av dyra her er ofte mykje mindre enn sneglane og gjer derfor mindre av seg. På svært bølgjeutsatte stader er det litt andre forhold som spelar inn. Kanskje den viktigaste eigenskapen der er å vera spesialisert i å tåla det enorme trykket frå vatnet som slår og drar i dei. Fordelinga av dyra i fjøra er likevel mykje den samme der.

Narve Brattenborg (21.10.2005)